Orsak og ordtak

av Lars Borgersrud

Publisert i Klassekampen 1. april 2006


Eg sett stor pris på dei mange bokverka til historikar Terje Halvorsens om arbeidarrørsla. Det gjeld og om eg ikkje er samd i alt og eitt. Det skulle berre mangle.

Eit eksempel er boka om 100-års historia til Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund, frå 1991, der Halvorsen valde å ikkje nemne Jøtul-streiken i 1976, jamvel om han hadde fire andre oppslag på «Jøtul».

I oppslaget om 30-årsminnet om streiken i Klassekampen 19. mars, undra journalisten seg på dette. Halvorsen svarte at han ikkje hugsar kvifor, men at det var hans eiga avgjerd. I ettertid meiner han at han burde ha omtalt den, men at det ikkje var nokon andre, som bokkomiteen eller forbundsleiinga, som tok avgjerd om det. I ein ganske så generell kommentar sa eg at «det er dei herskande som avgjer kva som skal stå på trykk». Halvorsen kjem attende til dette i Klassekampen 26. mars, at eg skuldar han for å fare med «løgn».

I ettertid kan eg forstå at han ser det slik. Eg ber om orsaking. Det var ikkje meininga. Det eg tenkte på var vel korleis Jøtul-streiken er blitt handsama i stort i media, ikkje spesielt på boka til Halvorsen. Korleis han tenkte veit eg ikkje noko om, sjølv om eg synest han morskar seg vel opp.

På ein måte er det rett at «det er dei herskande som avgjer kva som skal stå på trykk». På ein anna måte er det ikkje rett. Eg har til dømes som Halvorsen òg gitt ut bøker. Ein får passe seg for ordtak.