Skot over målet

av Lars Borgersrud

Publisert i Dag og Tid 14. juni 2013


Innlegga til HL-senterstipendiat Sigurd Sørlie i Dag og Tid om Svein Blindheims hovudoppgåve Nordmenn under Hitlers fane førde til reaksjonar. Med unnatak av Inger Cecilie Stridsklev, som stiller seg på sida av debatten av di ho først og fremst er oppteken av å forsvare frontkjemparane, peikar desse innlegga på er at det er noko uhistorisk og urettferdig over angrepa til Sørlie.

No må det seiast at Blindheims hovudoppgåve frå 1974 (utgitt 1977) som andre faghistoriske arbeid må underkastast den kritikken som ny forsking krev. Og at han tok feil i enkelte vurderingar, at han ikkje nådde over (kven gjer?) all tilgjengeleg forsking og litteratur som låg føre i samtida, og kanskje også kunne vore meir kritisk, ville han vore samd i. Blindheim var under kunnig rettleiing av Berge Furre, ein av Noregs fremste samtidshistorikar. Furre hevda at oppgåva var framifrå ut frå dei kjeldetilhøva som rådde då.

Kvifor er reaksjonane mot Sørlie så sterke? Det kan henge saman med to ting. For det fyrste så kan alle sjå at det diverre enno er slik at forskinga ikkje har vore i stand til å dokumentere særleg mykje frå rasekrigen i aust som kan knyte brotsverka til konkrete norske soldatar, trass i at til dømes verket Himmlers Norge (Kott og Emberland 2012) sterkt indikerer at det må ha vore slik. Med andre ord er det rett at me ikkje har så mykje meir her enn på Blindheims tid. Det gjer seg då ikkje med spissfindige ordval eller tru. Det me treng, er meir empiri. For det andre så kan det henge saman med at Sørlie ser ut til å mangle perspektiv for innsatsen til Blindheim ut frå vanskane i samtida hans. Fram til hovudoppgåva til Blindheim var frontkjemparane eit praktisk tala urørt tema i Noreg. Her kan vi berre minne om alt som var skrive av Forsvarets krigshistoriske avdeling, FKA, om krigstida, bøkene til Heimefrontmuseet, NHM, Sverre Steen, Nils Ørvik, Magne Skodvin, Olav Riste og Ole Kristian Grimnes, som knapt rørde ved emnet. Difor var Blindheim ein pioner. Han samla dei fyrste fakta, analyserte og la grunn for vidare forsking. Og det var det ikkje karrieredrivande å gjere. Det hang truleg saman med at denne delen av norsk militærhistorie skulle dempast. Det fanst ikkje noko HL-senter som kunne tilby stipendiatstilling. Det viste seg òg at det ikkje vart mogleg for Blindheim å gjere forskarkarriere.

Blindheim tok altså opp eit kontroversielt tema. Han stod samstundes oppe i kampen om sanninga rundt dei ulovlege operasjonane til Forsvaret i Finland, ein kamp han med integritet og konsekvens førde inn i domfelling og utstøyting frå Forsvaret. Så kan vi spørje om det på ein slik bakgrunn er truleg, som Sørlie hevdar, at Blindheim kaldt tok ut empiri for å frita frontkjemparane frå ansvar for krigsbrotsverk, og at han like kaldt siterte «standardverket» (George H. Stein: Waffen SS. Hitlers Elite at War 1939–45, 1974) feil for å halde på ein tese om at Waffen-SS berre var ein vanleg militærorganisasjon? Eit verk som kom samstundes med at han sat og skreiv. Eller, som Sørlie òg skriv, at det berre var «slurv» – implisitt at Blindheim var ein slurvar, altså heilt useriøs?

Eg hadde kontakt med Blindheim i denne tida. Inntrykket var det motsette. Han var full av integritet, var aldri på kollisjon med det han såg som sanninga, og han slurva ikkje.

Men Blindheim har vore eit takksamt mål for kritikk, både av di han stod utanfor det etablerte forskingsmiljøet, var kontroversiell i miljøet rundt FKA, IFS og NHM, og av di han ikkje var redd for å utfordre desse autoritetane, som han oppfatta var sentrale for historieskrivinga om krigen til då. Her var han nok for einsidig. Men ein kan undre seg over at Sørlie ikkje er like oppteken av å kritisere forfattarar frå dette miljøet som har fylgt i fotspora til Blindheim.

Til dømes gjeld dette Kjetil Skogrand og band 4 i Norsk forsvarshistorie frå 2004, eit solid verk som forfattaren frå IFS seinare doktererte på. Skogrand skriv der (s. 141) at det er usikkert om norske frontkjemparar deltok i dei omfattande krigsbrotsverka. Han skriv at det er problematisk å knyte nordmenn direkte til massedrap eller omfattande overgrep mot sivile, men at nordmenn opererte i område der slikt gjekk føre seg, og at det er usannsynleg at ingen av dei kom i berøring med det. I ein note viser han til at Blindheim var komen til at ingen nordmenn deltok i slikt, og han viser til andre som trur motsett. Det er greitt nok. Vurderingane er ikkje svært ulike frå Blindheim. Det «standardverket» som Sørlie angrip Blindheim så sterkt for å misbruke, nemner Skogrand ikkje i det heile. Vi må tru at Sørlie burde vite, av di han (Sørlie) var knytt til prosjektet som vitskapleg assistent (s. 9). Dette har sikkert Sørlie gløymt, og det er ikkje noko underleg. Det er nokre år sidan. Men om han meiner at dette «standardverket» er så viktig, så bør vel kritikken òg gjelde Skogrand.

At Blindheim var en pioner, kan ikkje hindre at han òg etter mitt syn var offer for ein viss naivitet og mangel på kritisk metode. Dette kom klårt til syne i diskusjonen om den britiske revisjonistiske historikaren David Irwing og rundt Arvid Brynes bok De sloss for Norge (2010), som også gjekk føre seg i Dag og Tid, der Blindheim og Bryne trudde på frontkjemparen Bjørn Østring. Men det høyrer då til bilete at det var ei erfaring dei delte med fleire framifrå norske historikarar, som vart leidde på avvegar gjennom intervju og samtalar med Østring og andre frontkjemparar av hans kaliber.

Hovudoppgåva til Blindheim må som all historie stå under kritisk lys av ettertida. Men når Sørlie ikkje skil mellom medviten svindel og det å kome til kort eller ikkje å innfri det kritiske blikket til ettertida, så skyt han over målet.