Sigurd Sørlie går i Dag og Tid 21. juni for langt når han skriv at Blindheim har «kolportert den apologetiske tesen om at Waffen-SS knapt var involvert i Hitler-regimets forbrytelser ... i sitt forsøk på å underbygge den uholdbare tesen om Waffen-SS’ tilnærmede uskyld».
Å kolportere tyder å utbreie. Blindheim skulle altså ynskje å utbreie og underbyggje uskulda til Waffen-SS? Er det rett? Nei, han hadde ikkje noko slikt ynske. Det han gjorde, var å undersøkje frontkjemparane, og i meir ålmenne parti av boka kjem han med ikkje haldbare vurderingar av SS, som til dømes at det er å gå for langt å stempla heile Waffen-SS som «krigsforbrytersk» (s. 159). Men han tek atterhald: SS’ eigen definisjon er berre «delvis» rett, skriv han, og når han nemner Oradur-sur-Glane, så skriv han at det provar at krigsbrotsverk skjedde «minst ein gong». I noten til dette (108) tek han med eit atterhald om at det var «apologistane i Waffen-SS» som hevda at «Oradur var ei einmannsugjerning» som ikkje kunne «vere til last for Waffen-SS som eit heile» (s. 212). Blindheim skriv òg at SS gjorde krigsbrotsverk: «Til tysk bøddelteneste, særleg mot russarar, polakkar, jødar og andre nasjonalitetar i aust, hadde dei sine SS-Sondergrupper», skriv han (s. 15) og viser til Joachim Fests Hitler (s. 551). Blindheim frikjenner altså ikkje SS for brotsverk. Det er i vurderinga av tilhøvet mellom SS og Waffen-SS han er ukritisk.
Sørlie meiner at Blindheim i medvit fuska og at han måtte vite at boka Waffen SS av George Stein (rett nok frå 1966) hadde ei anna hovudslutning. Nett difor er det på sin plass å peike på at Kjetil Skogrand, med Sørlie som vitskapleg assistent, ikkje nyttar dette verket i doktorgraden sin. Det gjer heller ikkje professor Øystein Sørensen i Norsk krigsleksikon 1940–1945 (s. 445). Han viser til Blindheim og Bernd Wegeners Hitlers Politischen Soldaten. Elles skriv Sørensen som Blindheim at Waffen-SS vart kriminalisert i Nürnberg-prosessen, og at «enkelte SS-avdelinger» vart sette til å kjempe mot partisanar og likvidere jødar. Noko liknande skriv Tim Greve i band 3 i Norge i krig med Magne Skodvin som hovudredaktør (s. 160). Men Sørlie kritiserer ikkje dei akademiske autoritetane Skogrand, Sørensen, Greve eller Skodvin, berre outsideren Blindheim.
Eg tykkjer Sørlies kritikk av Blindheim har element av karakterdrap. Det tener ikkje til noko. La det vere sluttordet mitt.