Vilhelm Evang var aldri med i XU

av Lars Borgersrud

Publisert i Dag og Tid 30. november 2007


I eit interessant intervju med XU-leiar Astrid Løken i Dag og Tid 23. november skriv Svein Sæter at Vilhelm Evang var XU-agent før han rømde til Sverige, og at han var ein av få XU-agentar som gjekk over til hemmelege tenester etter krigen. Om dette er rett, er det eit nytt bilete av noko viktig rundt XU. Men er det rett?

Nei, truleg ikkje. No kan nok ulike personar ha ulik personkunnskap, ut frå kven dei hadde samrøre med under og etter krigen. Men dei informasjonane eg har om dette, fortel ei anna historie. Den er slik: Utanriksminister Halvdan Koht var mellom dei fyrste i London som skjøna kor viktig det var å skaffe vitskapeleg og uavhengig kunnskap om kva som gjekk føre seg i Noreg, etter at regjeringa flykta frå Noreg. I denne samanhengen er Koht undervurdert av historia. Han sende Sverre Midtskau saman med Erik Welle Strand til Oslo for å knyte kontaktar og for å skaffe fram informasjonar. Vi er enno i 1940, før XU vart skipa. Midtskau kom via omvegar til Johan Otto Øgrim på Universitetet i Oslo. Øgrim fortel at han viste Midtskau til Vilhelm Evang. Men kvifor akkurat til han? Jo, Øgrim kjende Evang frå Mot Dag, visste at han kjende mange og var ein person med interesse og anlegg for slikt.

Også ein annan XU-informant fortel at dette var ei interesse Evang hadde frå Mot Dag. For Mot Dag hadde hatt trong for ei viss sikring av verksemda si. Det kan vi tenkje oss måtte vere viktig for ei gruppe kommunistiske intellektuelle i førkrigstida, då mykje mistenkjelege folk rak rundt i intellektuelle krinsar. Evang hadde hatt med slikt å gjere som ein slags sikringssjef og var såleis ikkje heilt utan førkunnskap på feltet. No låg rett nok dette litt attende i tid i 1940. Sidan 1938 var Mot Dag i oppløysing og mange av dei gjekk i sosialdemokratisk retning. Frå 1937 vart Evang vitskapleg assistent i kjemi ved Universitetet, så vart han leiar av økonomistyret i Studentsamskipnaden og aktiv i Studentunionen. Dette dreiv han med då han fekk vitjing av Midtskau i 1940. Omboda hadde gjeve han eit stor nettverk. Så Evang var rett mann for Midtskau.

Slik fekk Midtskau kontakt med Evang. Det skulle vise seg å vere eit godt val. Etter kontakten med Midtskau vart Evang knytt opp til aktiviteten med å framskaffe etterretningar frå Noreg til utanrikstenesta i London. Så kom han i søkjelyset, vart etterlyst og drog til Sverige i mars 1941. Der vart han nestsjef for flyktningleiren Öreryd. I september drog han til England og kom inn i det etterretningsarbeidet som gjekk føre seg i Forsvarsdepartementets etterretningskontor og seinare i etterretningsavdelinga til Forsvarets Overkommando. Dei samla inn frå mange grupper i Noreg, ikkje berre frå XU. Skipinga av XU i Noreg var ei anna historie, som Evang ikkje hadde noko å gjere med. Han drog før XU kom i gang.

For XU-leiinga i Oslo var det under heile krigen avgjerande viktig ikkje å misse kontrollen over aktivitetane heime. Men London og Stockholm pressa på og kravde styring. Denne motseiinga hadde mykje å seie for at XU-historia andsynes utlandet vart særs komplisert. Ho hadde nok òg mykje å seie for at få frå XU valde seg ei framtid i dei nye hemmelege tenestene etter krigen. Evang såg ikkje slik på det, naturleg nok, etter tre år i samarbeid med allierte i London. Men det tydde ikkje at han ikkje ville ha med seg folk frå XU etter krigen. Problemet var at dei ikkje ville, at dei såg verda på eit anna vis enn han og at dei nok òg hadde problem med einskilde av dei militære som styrde tenestene.